Annonse
Kystpuls

Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (onsdag 18. januar). Les mer om roperten…

UKM 2012 - Lokal mønstring i Flora

Laurdag 28. januar kl. 15.00, Flora samfunnshus

UKM 2012
Lokal mønstring
Flora Samfunnshus
laurdag 28. jan.

Utstilling kl. 15.00
Konsert kl. 16.00

  • BILL.PRIS: VAKSNE KR. 150.-
  • BARN/UNGDOM U/ 18 ÅR kr. 80.
    Førehandssal på Tenestetorget – tlf. 57756000
    Arr.: Flora kommunale kulturskule*

Laurdag 28. januar kl 15:00 og kl 16:00 vert den lokale ungdommens kulturmønstringa halden på Flora Samfunnshus kinosal.

Den offisielle fristen gjekk ut på måndag 16. januar, men vi har valgt å utsetje den litt. Så langt den 18. januar er det påmeldt heile 53 personar, fordelt på 34 innslag. Av desse er det 20 sceneinnslag og 14 til utstilling. Samanlikna med sist år, er dette ein kraftig oppgang.

Også i år er Finn Åge Korneliussen leigd inn for å ta seg av lyd og lys, og Ludvig Solberg for å filme og forevige mønstringa. Dette skulle dermed være i dei beste hender. Flora kommunale kulturskule står som arrangør og har alt ansvar for den lokale mønstringa.

Kven som vert sendt vidare til fylkesmønstringa vert offentleggjort på slutten av mønstringa den 28. januar og vi vil dele ut ulike prisar, slik at alle deltakarane vert ivareteke.

UKM er eit landsomfattande kulturtiltak for barn og unge i alderen 10 -19 år. Dette er eit høve for barn og ungdom til å synleggjere kva dei er opptekne av, når det gjeld kunst og kulturuttrykk.
Plan laurdag 28. januar 2012 til orientering:

• Laurdag 28. januar, frå kl 12:00 – 15:00, Lyd, lys og generalprøve.
• Utstilling i møtesal kl 15:00
• Konsert og sceneinnslag i kinosal: frå kl 16:00 til ca 18:00.

Velkommen til kulturmønstring 2012!

Generell info:
Ungdommens kulturmønstring (UKM) er eit kulturtiltak for barn og unge i heile Norge. Gjennom små og store kulturmønstringar har ein eit eineståande høve til å vise fram det ein driv med og til å treffe likesinna. Alle er velkomne, anten ein spelar eller syng, danser, maler, fotograferer eller gjer andre ting som kan være relevant for UKM. I Flora kommune er aldersgrensene slik: Aldersgrense: 10 til 19 år. Aldersgrense for å delta på fylkesmønstring: 13-19 år (lokal ordning).

UKM er delt inn i tre nivå; kommunemønstring, fylkesmønstring og landsmønstring. Alle som melder seg på til lokal kommunemønstring får være med. Her i frå vert det plukka ut nokre deltakarar som representerer kommunen i fylkesmønstringa. Frå fylkesmønstringane blir det sendt ca. 25 deltakarar til landsmønstringa som vanlegvis vert arrangert i Trondheim.

UKM er ingen konkurranse. Juryen sine val skjer på grunnlag av originalitet, kreativitet, publikumskontakt og kvalitet, og dei utvalgte deltakarane skal speile breidda i den lokale mønstringa. Premien for dei som går vidare er å få stå på ei enda større scene, og treffe andre ungdommar frå andre stader.

Vist 7 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Ein tilrådde Person_gray

Kvar skjer det?