ABSOLUTT PER
Absolutt Per
av Rolf Losengård, Ola B. Johannessen og Bodil Kvamme
Absolutt Per er ein kabaret bygd kring musikken til Per Janke Jørgensen.
Bli med Jon Eikemo og resten av ensemblet på ei musikalsk reise gjennom SoFt og Per Janke Jørgensen si 35- årige historie i Sogn og Fjordane. Her får du eit kjært gjenhøyr med låtar og tekstar av mellom andre Jakob Sande, Norvald Tveit, Per Sivle og Rolf Losnegård.
Per Janke Jørgensen er komponist og musikalsk leiar ved SoFt. Han står bak musikken til svært mykje som er produsert ved teatret. Som Dei siste maksværingar, Kinnaspelet, Per Sivle- ein teaterkonsert, Sande-musikalen Storm frå Nordvest og mange, mange fleire.
Komponist: Per Janke Jørgensen
Dramturg: Bodil Kvamme
Scenografi og kostymedesign: Helge Hoff Monsen
Lysdesign: Trygve Andersen
Koreografi: Elin Høyholm
Skodespelarar/songarar: Jon Eikemo, Erik Wenberg Jacobsen, Martin Leines, Katrine Lunde Mackenzie og Madeleine Nilsen.
Musikarar: Oddmar Amundsen, Frank Jakobsen, Per Janke Jørgensen, Rolf Prestø, Per Arild Skorgen og Aage Vaksdal.
Urpremière i Førde torsdag 23. februar. Turné i Sogn og Fjordane 24. februar – 31. mars.


