Annonse
Kystpuls

Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (torsdag 24. november 2011). Les mer om roperten…

Juleutstilling - Flora Kunstlag

Søndag 27. november 2011 kl. 10.00 til søndag 11. desember 2011 15.00, Kystmuseet, Florø

Vakker papirkunst og salte bokillustrasjonar – årets juleutstilling femner vidt!
Dei er svært glad for å kunne presentere fantastiske papirklipp frå den dansk-norske kunstnaren Karen Bit Vejle. Ho er utøvar av psaligrafi – kunsten å teikne eller male med saks, og kjend gjennom ei rekke utstillingar og prestisjefulle oppdrag. I 2008 hadde ho si første store utstilling i Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim, og sidan har Med saksen som pensel vorte vist på ei rekke museum i Norden, m.a. Maihaugen på Lillehammer, Hå Gamle Prestegard, og H. C. Andersen Museet i Odense. Vejle har hatt oppdrag for vinterfestspillene på Røros og for Britannia Hotel i Trondheim, og har levert design til Røros Tweed, Porsgrunds Porselænsfabrik og til Royal Copenhagen. I haust fann ho arbeidsro i gjesteatelieret i Skjerjehamn, der ho planla eit storverk for motefirmaet Hermés. Kalmar i Sverige og Beijing, er neste ut.

Humoristiske stubbar
I sterk kontrast til desse eventyrleg intrikate og skjøre arbeida, står bilda til illustratør og tekstilkunstnar Janne Nes. Ho viser her dei originale illustrasjonane til boka ”Kjapp i kjeften” av humoristen og sogningen Odd Njøs. Her får vi salte skildringar av folkelege opptrinn fortald av mannen bak utsegna ”De’kje nøye om du lyge litt, berre praten gaor”… Både bilda og signerte eksemplar av boka er til sals i utstillinga. På opninga torsdag den 24 november vil Knut Magnussen lese stubbar frå boka

Unngå julestress
I tillegg har utstillinga julepynt i glas av Cecilie Lie Larsen frå Larvik.
Kunstlaget og Kystmuseet vil i år framheve jula som tema. Alle som kjem innom Kystmuseet på ein søndag dei neste tre vekene, kan m.a. få prøve seg som psaligraf, og høyre om jula i Florø før i tida. Dei satsar på roleg og stemningsfull førjulsaktivitet for familiar og alle som vil unngå førjulsstresset. Detaljane for kvar søndag vert annonsert som eit eige arrangement på Kystpuls

Utstillinga opnar i kveld (torsdag den 24. november) kl 19.00, og varer til søndag 11. desember. Ho er open i Kystmuseet si opningstid måndag til fredag 10 – 15, og søndag 12 – 15.

Med venleg helsing
Flora Kunstlag v/Jorunn Bjerk 913 94 518

www.papercutart.no www.skald.no www.jannenes.no www.c-lieglass.no

Vist 74 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Ein tilrådde Person_gray

Kvar skjer det?