Førjulsstrikk
Denne kvelden får vi besøk av Kari N. Grødem, og vi skal strikke. Kari er ei svært dyktig og inspirerande dame og vi håpar verkeleg at du tek deg tid til å komme ned denne kvelden. Ho har bloggen Lilla dør, gå inn og ta ein kikk, der er det mykje fint å sjå!
Du må ta med strikkepinnar, og godt humør. Tek du med litt pengar, kan du byte dei i lodd og kanskje du går heim med ein gevinst eller to….. Det kjem meir info om nr. på str.pinnane når det nermar seg.
Vi må ha påmelding til denne kvelden, den sender du til Tove på mail
toveherl@online.no
innan 17.11.2011.
Styret og novembergruppa har gått ilag om å arrangere denne kvelden, slik at i november blir det berre ein aktivitet. Dei andre torsdagane er det “vanlege” torsdagskveldar på Kreativiteten.

