Ungdom mot rasisme
Sosialistisk Ungdom arrangerer, i samarbeid med andre ungdomsparti, fakkeltog i Florø på torget utanfor Haffen klokka 19.00 den 9. november. Her skal vi ta avstand fra all rasisme, i dag spres det rasisme på gata, i media og på internett, og vi syns ikkje dette er greitt! Aksjonen er i samband med SU sin antirasistiske kampanje “-HÆ?”, og vi synest at krystallnatta er ein symbolsk dag som passar godt til ei slik markering. Alle er velkommen, uavhengig av politisk tilknytning. Vi stiller med faklar.

