"Woodleg Odd" spelar påskeafta.
Påskeafta har Svelgen Hotell æra av å kunne presentere det norsk/amerikanske bluesbandet «Woodleg Odd». Dette er ei gruppe som opp igjennom åra har hausta gode kritikkar innanlands som utanlands. Bandet har tidlegare vore nominerte til spelemannsprisen, og vore kåra til å ha gjeve ut både «Årets blues-CD» og «Skandinavias beste blues-CD».
«Årets beste bluesklubb i 2009» (Trondheim Bluesklubb) karakteriserer jamvel bandet som «…et av Norges, ja faktisk Europas og verdens beste liveband!».
Det skulle difor ligge til rette for ein feiande flott blues-kveld på hotellet denne kvelden.
Woodleg Odd : “Liveband i verdsklasse”


