Romjulsdans med "Bandits" på Svelgen Hotell
Også denne gongen med den nye besetninga med Åsmund Nesbø som gitarist.
Åsmund Nesbø er ein erfaren gitarist, og bør vere kjend for dei fleste ettersom han i mange år var medlem av den ikkje ukjende svelgengruppa «Pegasus».
Han har i tillegg vore engasjert i mange andre prosjekt, og det kan nemnast at han for tida også er gitarist i Florø Storband.
I tillegg er Maurizio Varano (trommer) og Arve-Stig Damstuen (vokal) framleis med.
Bandet spelar den same fengande musikken som før, basert hovudsakeleg på 70-talsrock, med låtar som er velkjend for dei fleste.


