Annonse
Kystpuls

Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (tysdag 2. mars 2010). Les mer om roperten…

Trubadur Torbjørn Gran & Friends spiller på ShamRock fredag 12. og lørdag 13. mars, Snakkes i bar'n!

Laurdag 13. mars 2010 kl. 22.00 til søndag 14. mars 2010 02.00, Shamrock

Torbjørn+..

Torbjørn Gran har dei siste seks åra livnært seg av å reise rundt og oppfordre publikum til å syngje av full hals, danse på borda og la fornufta bli liggjande heime i sofaen, foran TVen. Med kassegitar, song, ”hiv og hoi” og ”rai, rai”, gjer han alt han kan for å få lokalet i høg stemning. Ein trubadur heilt utan prinsipp, som – så langt det let seg gjere – spelar akkurat det publikum vil høyre. Ja, visst er Tore Tang blitt gamal og sliten, men sjeldan syng den norske folkerøysta høgre enn når mr. Tang ljomar i lokalet! Trubadur Gran har ein stor lidenskap for norsk rock, og spelar så mykje norsk som publikum i det heile tatt kan tåle i løpet av ein kveld. Med ei godt, inngrodd trøndersk dialekt set Torbjørn standarden for einkvar trubadurjobb, eller einkvar dag for den del, med mottoet : ”Livet e en fæst! Skål!”
I tillegg til mykje norsk musikk av artistar som Dum Dum Boys, Postgirobygget og deLillos, spelar han låtar av blant andre Oasis, The Beatles, U2, Neil Young og Springsteen.
Når han ikkje reiser rundt med gitaren på ryggen og gjer trubadurjobbar, spelar Torbjørn i banda Kruttrøyk og Kokken Tor.

Vist 219 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Kvar skjer det?