Annonse
Kystpuls

Åsa Elstad: Moteløver og heimføingar - tekstilar og samfunnsendringar langs kysten

Onsdag 21. oktober 2009 kl. 18.00 til 19.30, Kystmuseet, Florø

Totomlinga

Foredraget vil ta for seg korleis det å leve ved kysten forma tekstilbruken i heimane. Det vil bli vist eksempel på korleis kvinnene brukte lokale ressursar og høg kompetanse til å produsere tekstilar som var tilpassa arbeidslivet både på hav og land. På den andre sida var også tekstile materialer og impulsar frå verda utanfor ein viktig del av den tekstile kystkulturen. Desse to sidene av tekstilkulturen speglar dermed samanvevinga av landbruk og fiske som var så typisk for levemåten langs kysten vår. Åsa Elstad har doktorgrad i historie og arbeider for tida på prosjektet Nordlands historie. Ho har tidligare blant anna skrive bøkene Moteløver og heimføingar og Kystkvinner i Norge.

Vist 124 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?