Annonse
Kystpuls

Sprei ordet om Framtidsfylket Karrieremesser i Bergen 15.02 og Trondheim 01.03

Har du vener, slekt eller andre kontaktar i Bergen og Trondheim som kan ha interesse av å vite meir om kva jobbmoglegheiter som finst i Sogn og Fjordane? Tips dei om Framtidsfylket messer i Bergen 15.02 og Trondheim 01.03

Til karrieremessene kjem eit breitt spekter av bedrifter frå Sogn og Fjordane for å vise kva næringslivet og offentleg sektor i fylket har å by på. I Bergen har vi runda 50 standbestillingar og dei har til saman hundrevis av ledige stillingar med seg.

Erfaringar viser at mange arbeidstakarar blir overraska over det store mangfaldet av arbeidsplassar som finst i fylket. Mange bedrifter har dessutan funne kandidatane dei er på jakt etter.

Er du arbeidstakar eller student? Sjølv for dei som ikkje er ute etter ein arbeidsplass under messene, kan det vere like viktig å knytte kontaktar til seinare bruk. Messene kan like gjerne sjåast på som ein uformell møteplass der ein kan treffe folk og bedrifter frå Sogn og Fjordane, ha det triveleg og få inspirasjon til karriereval.

Programmet for kvelden består av ein god mix av informasjon, spennande stands, og våre berømte fjordtapas.

Påmelding i forkant av arrangementet her

Følger du oss på Facebook? Om vi rundar 1700 «liker» i løpet av helga så hiv vi oss rundt og trekk ein ekstrapremie blant alle dei påmelde til messene– eit dagspass til valfri dag på Malakoff.

Ha ein fin dag!
mvh,
Anne van Oorschot
www.framtidsfylket.no

Vist 41 gonger. Følgt av 1 person.

Kystpuls

Følgt av 1997 medlemmar.

Velkommen til Kystpuls, Firdaposten si lokalsone på Origo!
Her kan du diskutere, blogge, dele bilder, legge inn arrangement i kalenderen, starte kampsaker eller avstemmingar, ha kontakt med lokalavisa di og mykje meir. Meir om sona

Origo Kystpuls er ei sone på Origo. Les meir