Paradigmeskifte NOLes i lokalavisa, Firdaposten, s 22 lørdag 20.03. ”Slutt på bompengar mellom Førde og Florø”. Gratulerer alle, dette har vi alle fortent, og fått til gjennom målretta politisk arbeid og økonomiske bidrag frå brukarane! Rett under kjem ei kunngjering frå Flora kommune, administrasjonen, som varslar dei kommunale ruteinnskrenkingane i Florabassenget. For meg er dette ein talande symbolikk; dagen ein kan reise fritt mellom tvillingbyane Flora-Førde, er dagen ein varslar at ein tek vekk deler av vegen (les; kuttar båtruter) frå ein stor del av kommunen sine innbyggarar. Klappsalvene hadde knapt stilna i bystyresalen etter presentasjonen av ”Ruteplanen 2005-09” før det synte seg at politikarane våre alt hadde gløymt den. I Ruteplanen heiter det mellom anna; Kommuneplanen legg føringar for arealbruk, leier og viktige ledd i kommunikasjonssystemet. I denne planen er det mellom anna eit mål å byggja opp under og styrke lokale sentra i distriktet gjennom ein aktiv politikk i og omkring hovudrutestoppa. Desse er Sunde på Askrova, Svanøybukt på Svanøy, Fanøya, Skorpevågen på Skorpa, Rognaldsvåg på Rekstad, Barekstad på Hovden/Barekstad, osv. Som vi veit har tida etterpå vært ein einaste stor fest, og vi har som kommune stort sett unna oss det vi har hatt lyst på. I dette ”spleiselaget” har vi alle bidratt gjennom skatteseddelen vår, og vi har alle ei ”gjeld” på om lag 100’ som kommunen forvalter. No finn nokon brått ut, at ”satsinga på lokalsenter” er best om ein trekk all kommunal aktivitet ut frå bygdene, og utøver ein hard sentraliseringspolitikk gjennom rutekutt, og lar administrasjonen stå for den. Eventuelle konsekvensanalyser vert droppa, då vert innsparinga størst.
Vist 996 gonger. Følgt av 2 personar. Kystpuls
Følgt av 1999 medlemmar.
Velkommen til Kystpuls, Firdaposten si lokalsone på Origo! Kystpuls er ei sone på Origo. Les meir | ||